Reindrift

Status: Submitted

Definition: Kommunar og fylkeskommunar har nasjonal og internasjonal plikt og ansvar for å ta omsyn til reindrifta. Retten til å utøve reindrift er ein sjølvstendig rett der rettsgrunnlaget er alders tids bruk og sedvane. Det er viktig at dei verktøya som ligg i plan- og bygningsloven blir brukt slik at reindrifta har tilgang på dei areala som er nødvendig. Reindrift er ein del av samisk kultur og næringsutøving. I pbl. §3-1- bokstav c er det særskild framheva at planar innanfor lova \"" skal sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv \"". Samisk kultur er sterkt knytt til naturen og er derfor avhengig av god ressursforvaltning. Ved planlegging og saksførebuing er det viktig å ta omsyn til tidlegare inngrep i det aktuelle området. Der reindriftsinteresser vert råka, skal dei samla effektane av planar og tiltak innanfor det enkelte reinbeitedistriktet vurderast. Ofte kan det vere eit krav om konsekvensutgreiing. I pbl. §5-1 andre ledd står det at kommunen har eit særskilt ansvar for å sikre medverknad frå grupper som treng spesiell tilrettelegging. Samiske interesser kan til dømes vere eit slikt omsyn i planlegginga. Sameloven §4-4 slår fast at kommunen og fylkeskommunen har plikt til å konsultere om tiltak og arealplanar som kan påverke samiske interesser. Det er viktig at alle dei aktuelle samiske interessene blir identifisert og involvert så tidleg som råd i prosessen for å komme til semje.

Updated: 28.01.2025
Submitter: Norwegian Mapping Authority
Owner: Norwegian Building Authority

Code value: Reindrift

External id: https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/plan_bygningsloven/planlegging/fagtema/reindrift_planlegging/id2885137/