Du må opplyse kva adresse eigedomen som skal byggjast på, har. Adressa finn du i matrikkelen under Se eiendom: https://seeiendom.kartverket.no/
1.8
Det er naboar og/eller gjenbuarar som ikkje har fått varsel og som må bli varsla. Du må sende inn ei ny kvittering for nabovarsel når alle er varsla.
2.4
Mangel som ikkje er knytt til eit nasjonalt eller lokalt sjekkpunkt.
annanMangel
Gjennomføringsplanen manglar ansvarsområde. Ein gjennomføringsplan med alle ansvarsområde må sendast inn. Kommunen har merka seg følgjande manglar: [Saksbehandlar fyller ut]
17.14
Relevante ansvarsområde er ikkje dekt opp med ansvarlege føretak. Ein gjennomføringsplan med oppdaterte ansvarlege føretak må sendast inn.
17.15
Kommunen vurderer at gjenståande arbeid må definerast som vesentlege manglar. Ny søknad om ferdigattest må sendast inn når arbeidet er fullført.
18.14
Situasjonskart viser ikkje areal for parkering. Dette må teiknast inn på planen.
1.41
Det må sendast inn ei utgreiing for arkitektonisk utforming med tanke på funksjonen til tiltaket.
16.2
Du må teikne inn avkøyrsla frå vegen til eigedomen.
1.35
Du må teikne inn avstanden frå det nye tiltaket til eksisterande høgspentleidningar.
1.34
Du må teikne inn avstandane frå det nye tiltaket til dei næraste nabogrensene.
1.30
Du må teikne inn avstanden frå det nye tiltaket til senterlinja av vegen.
1.32
Du må teikne inn avstandane frå det nye tiltaket til dei næraste bygningane.
1.31
Vi kan ikkje sjå at byggjesaksgebyret er betalt. Dette må gjerast før igangsetjingsløyve kan gjevast, jf. vilkår i rammeløyvet.
18.18
Det skal gå fram av planteikningane kor stort bruksareal (BRA) kvar etasje har. Dei nye planteikningane må vise dette.
1.47
Du må opplyse kva bruksnummer eigedomen som tiltaket gjeld, har. Bruksnummeret finn du i matrikkelen under Se eiendom: https://seeiendom.kartverket.no/
1.4
Snitta må vise mønehøgder og gesimshøgder frå gjennomsnittleg ferdig planert terreng.
1.52
Fasadane må vise mønehøgder og gesimshøgder frå gjennomsnittleg ferdig planert terreng.
1.58
Tiltaket gjeld ein eksisterande bygning, og du må opplyse bygningsnummeret for denne bygningen. Bygningsnummeret finn du i matrikkelen under Se eiendom: https://seeiendom.kartverket.no/
1.6
Du må sende inn ein dato for når tilstrekkeleg tryggingsnivå vil vere i orden.
18.21
Gjennomføringsplanen manglar dato for avgjevne samsvarserklæringar for følgjande ansvarsområde: [Saksbehandlar fyller ut]. Ny oppdatert gjennomføringsplan må sendast inn.
17.16
Hovudmåla på tiltaket kjem ikkje fram av innsende planteikningar. Utvendige hovudmål for tiltaket må teiknast inn i dei nye planteikningane.
1.46
Det er uklart kva tiltaket du søkjer om, omfattar. Du må sende inn ein nærare omtale av kva du faktisk søkjer om.
1.10
Fasadeteikningane må vise det visuelle uttrykket til tiltaket inklusiv materialbruk og eventuelt fargebruk.
1.55
Det du søkjer om, krev dispensasjon frå byggjeforbodet som gjeld langs sjø og vassdrag. Du må sende inn ein søknad om dispensasjon frå dette byggjeforbodet.
3.27
Søknad om dispensasjon frå byggjeforbodet som gjeld langs sjø og vassdrag, manglar grunngjeving. Du må sende inn ei grunngjeving for kvifor ein bør kunne gje ein dispensasjon. § 19-2 i plan og bygningslova gjev føringar for kva omsyn som må vurderast i ei slik behandling. Føresegna seier blant anna: 'Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.'
3.29
Søknad om dispensasjon frå byggjeforbodet som gjeld langs sjø og vassdrag, skal nabovarslast. Nytt varsel må sendast ut, og du må sende inn ny kvittering for nabovarsling når dette er gjort.
3.28
Det du søkjer om, er ikkje i tråd med alle føresegnene i kommuneplanen som gjeld for denne eigedomen. Du må sende inn søknad om dispensasjon frå følgjande føresegn: [Saksbehandlar fyller ut]
3.20
Søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen manglar grunngjeving. Du må sende inn ei grunngjeving for kvifor ein bør kunne gje ein dispensasjon. § 19-2 i plan og bygningslova gjev føringar for kva omsyn som må vurderast i ei slik behandling. Føresegna seier blant anna: 'Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.'
3.22
Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen må nabovarslast. Nytt varsel må sendast ut, og du må sende inn ny kvittering for nabovarsling når dette er gjort.
3.21
Tiltaket krev dispensasjon frå gjeldande krav om regulering. Du må sende inn ein søknad om dispensasjon frå plankravet.
3.50
Det må dokumenterast at vilkår for dispensasjonen frå plankravet er oppfylt.
14.16
Søknad om dispensasjon frå krav om regulering manglar grunngjeving. Du må sende inn ei grunngjeving for kvifor ein bør kunne gje ein dispensasjon. § 19-2 i plan og bygningslova gjev føringar for kva omsyn som må vurderast i ei slik behandling. Føresegna seier blant anna: 'Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.'
3.52
Søknad om dispensasjon frå plankravet skal nabovarslast. Nytt varsel må sendast ut, og du må sende inn ny kvittering for nabovarsling når dette er gjort.
3.51
Det du søkjer om, er ikkje i tråd med alle føresegnene i reguleringsplanen som gjeld for denne eigedomen. Du må sende inn søknad om dispensasjon frå følgjande føresegn: ...
3.13
Søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen manglar grunngjeving. Du må sende inn ei grunngjeving for kvifor ein bør kunne gje ein dispensasjon. § 19-2 i plan og bygningslova gjev føringar for kva omsyn som må vurderast i ei slik behandling. Føresegna seier blant anna: 'Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.'
3.15
Søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen må nabovarslast. Nytt varsel må sendast ut, og du må sende inn ny kvittering for nabovarsling når dette er gjort.
3.14
Det må sendast inn ein søknad om dispensasjon frå gjeldande krav til parkering. Søknaden må også nabovarslast.
15.4
Vi kan ikkje sjå at du har sendt inn dokumentasjon for innlevert avfall til dei ulike avfallsmottaka. Dette må du sende inn før vi kan utferde ein ferdigattest.
4.8
Du må sende inn driftsløyve for heis før ein ferdigattest kan gjevast.
18.17
Søknad om endring krev nye erklæringar av ansvarsrett for [Saksbehandlar fyller ut]. Dette må sendast inn.
17.34
Det må sendast inn erklæring om ansvarsrett for kontrollerande.
17.7
Det er i løyvet gjeve utsetjing for opparbeidingsplikta for avløp på vilkår av at det blir gjeve ei tinglyst erklæring. Du må sende inn ei tinglyst erklæring om opparbeidingsplikta for avløp.
6.27
Det er i løyvet gjeve utsetjing for opparbeidingsplikta for vassforsyning på vilkår av at det blir gjeve ei tinglyst erklæring. Du må sende inn ei tinglyst erklæring om opparbeidingsplikta for vassforsyning.
6.30
Det er i løyvet gjeve utsetjing for opparbeidingsplikta for veg på vilkår av at det blir gjeve ei tinglyst erklæring. Du må sende inn ei tinglyst erklæring om opparbeidingsplikta for veg.
6.24
Det er ikkje dokumentert tilstrekkeleg ansvar for tiltaket. Det må sendast inn erklæringar om ansvarsrett for følgjande ansvarsområde: [Saksbehandlar fyller ut]
17.1
Det må sendast inn alle relevante erklæringar om ansvarsrett før igangsetjingsløyve kan gjevast. For ansvarleg utførande kan det ettersendast slik at det er kommunen i hende før arbeida faktisk blir sette i gang. Alle relevante ansvarsrettar for prosjektering og kontroll må vere på plass før eit igangsetjingsløyve kan gjevast.
17.3
Det må sendast inn alle relevante erklæringar om ansvarsrett før løyve i eitt trinn kan gjevast.
17.4
Nokre gonger kan eit rammeløyve gjevast utan at det ligg føre erklæringar om ansvarsrett for andre enn ansvarleg søkjar. For dette tiltaket må også følgjande erklæringar om ansvarsrett sendast inn før søknad om rammeløyve kan behandlast: [Saksbehandlar fyller ut]
17.2
I gjeve løyve er det stilt vilkår om erverv av fellesareal før [Saksbehandlar fyller ut] kan gjevast. Du må sende inn dokumentasjon på at vilkåret er oppfylt.
3.34